Tzuriel (hebraisk צוּרִיאֵל) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Galilea og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 304.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 på landområdet til den fråflytta arabiske landsbyen Suhmata. Grunnleggjarane var jemenittiske jødar frå byen Beit 'Adaqah, leia av den andelege leiaren rabbinar Shalom Nehorai HaLevi. Han vart kalla opp etter den bibelske personen Zuriel, son av Abihail (4. Mos 3:35).

Etter nokre år drog dei fleste nybyggjarane og ei gruppe marokkanske emigrantar flytta inn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tzuriel» frå , den 7. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel