Abirim (, tyder Riddarar) er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i Øvre Galilea, tre kilometer frå Ma'alot-Tarshiha, og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 193.

Abirim vart grunnlagd i 1980 og kalla opp etter dei nærliggande ruinane av Metzad Abirim (Riddarfestninga). Han ligg midt i ein naturleg eikeskog ved Nahal Kziv naturreservat.

I følgje Walid Khalidi, vart Abirim grunnlagd på landområdet til den arabiske landsbyen Dayr al-Qassi. I følgje kart og korleis det ser ut i området, så stemmer ikkje dette. Fassuta er den næraste landsbyen.

Abirim har ein årleg vinfestival med utstilling av lokale vinar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Abirim» frå , den 7. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1980 Kategori:1980 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel