Afek () er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Zevulundalen vest i Galilea, nær den arkeologiske staden Tel Afek og byområdet HaKerayot, og høyrer til Mateh Asher. I 2011 hadde han eit folketal på 509.
Historie Kibbutzen vart opphavleg grunnlagd i 1935 som Plugat HaYam (, tyder Havkompaniet) på sandynene nær dagens Kiryat Haim, med målet om å få arbeid i hamna i Haifa. I 1938 vart kibbutzen flytta til kysten i området kring Akko som ein «tårn- og palisade-busetjing», og vart kalla Mishmar HaYam (, tyder Havvakta). I 1947 vart landsbyen igjen flytta, no til den noverande palsseringa. Denne låg litt inn i landet på det same jordbruksområdet, og dei valde å gje seg med fiske og heller konsentrere seg med jordbruk. Namnet kom frå den nærliggande Tel Afek, som kan ha vore staden der den bibelske Afek låg (Josva 19:30).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Afek, Israrel» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1935 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1938 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1935 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel