Gesher HaZiv (, tyder Praktbrua) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Vest-Galilea langs kysthovudvegen mellom Nahariya og den libanesiske grensa, ovanfor Akhziv nasjonalpark, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2010 hadde han eit folketal på kring 1 400.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 av to grupper: 120 immigrantar frå den sionistiske ungdomsrørsla Habonim i Nord-Amerika, og halvparten av den tidlegare kibbutzen Beit HaArava, som vart evakuert under den arabisk-israelske krigen 1948. Han har fått namn til minne om dei 14 Palmach-medlemmane som vart drepne under brigadenatta i 1946, og i forhold til ein eldgamal fønikisk og arabisk landsby kalla Achziv. Ruinane av denne ligg i nærleiken og er ein del av ein nasjonalpark.
I juli 1998 vart Gesher HaZiv privatisert og i 2004 kom 200 nye familiar til kibbutzen i eit nytt bustadområde.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gesher HaZiv» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kibbutz website
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Nordamerikansk diaspora i Israel Kategori:Privatiserte kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel