Annie Jump Cannon () var ein USA-amerikansk astronom. Cannon utarbeidde den såkalla harvardklassifikasjonen av stjernespektra (fotografisk). Dette var det første forsøket på å organisere og klassifisere stjerner basert på temperaturen deira. I løpet av dei 45 åra ho arbeidde med det fotografiske materialet, klassifiserte ho spekter for over 395 000 stjerner. Ho oppdaga òg fleire tusen variable stjerner ved å studere det enorme biletmaterialet.
mini|venstre|Cannon saman med Henrietta Swan Leavitt i 1913
Cannon blei ein del av dei såkalla Harvard Computers, ei gruppe kvinner tilsette av direktøren for Harvard-observatoriet, Edward C. Pickering, for å fullføra Henry Draper-katalogen. Målet var å kartleggja og definera kver stjerne på himmelen frå fotografi, med ein fotografisk magnitude på rundt 9. Pickering meinte ho var den raskaste personen i verda til å klassifisera stjerner. Etter usemje om kor komplekst klassifiseringssystemet for spektralklassar skulle vera, fekk Cannon gjennomslag for eit forslag som bygde på absorpson av Balmer-linjer.Systemet brukte klassane O, B, A, F, G, K og M, og danna grunnlaget for noverande klassifisering.
Cannon var leiar for biletarkivet frå 1911.
Cannon var nesten heilt døv gjennom heile karrieren sin. Ho arbeidde for røysterett for kvinner og var medlem av National Woman's Party.
Kjelder
Annie Jump Cannon. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.
Delar av denne artikkelen bygger på «Annie Jump Cannon» frå , den 22. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Annie Jump Cannon snakkar med kollegar frå 365DaysOfAstronomy.Org
Kategori:Elevar ved Radcliffe College Kategori:Tilsette ved Harvard University Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Kvinnelege astronomar Kategori:National Academy of Sciences Kategori:Døve folk