Nashville er ein by i delstaten Tennessee i USA. Byen er sidan 1843 hovudstad i delstaten og har nær 700 000 ibuarar. Byen er administrasjonssenter for Davidson County. Nashville ligg ved elva Cumberland, sentralt i delstaten.

Byen er eit senter for musikk, helsestell, forlagsdrift, bank- og transportnæringar. Fleire college og universitet har base i byen. Nashville er særleg kjend som eit senter i musikkindustrien og ber kallenamnet «Music City»; musikkbyen.

Nashville, som vart grunnlagd i 1784, er den nest mest folkerike byen i Tennessee, einast Memphis har fleire ibuarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nashville» frå , den 3. mai 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tennessee Kategori:Delstatshovudstader i USA Kategori:Busetnader grunnlagde i 1784