Charlotta Lovisa von Kræmer (), kjend som Lotten von Kræmer, var ein svensk forfattar, feminist og velgjerar. Ho stifta det svenske litteraturakademiet Samfundet De Nio, og litteraturprisen Lotten von Kræmers pris er kalla opp etter henne.
Liv Lotten von Kræmer var dotter av friherre Robert Fredrik von Kræmer, som var landshövding i Uppsala län. Ho hadde fire sysken og voks opp på Uppsala slott, der ho blei undervist av professorer og dosentar frå Uppsala universitet.
Familien hadde ein kulturell omgangskrins med diktarar som Geijer og Atterbom. Lotten von Kræmer gjorde seg kjend i selskapslivet for sine talet ved litterære opplesinga, tablåspel og amatørførestillingar som blei framførte på slottet og nokre gonger på Uppsala teater. Som ung danna ho ein ambisjon om å bli forfattar og tileigna seg radikale idear.
Sommaren 1847 reiste von Kræmer og familien gjennom Tyskland, Austerrike og Italia. Dette året byrja ho også langsamt å bli døv etter å ha hatt skarlagensfeber, noko som påverka henne djupt. I 1855 blei ho hemmeleg trulova med ein dosent i estetikk, Sten Johan Stenberg, men baut trulovinga i 1870, både på grunn av døvheita si og fordi Stenberg mislikte ideala og ambisjonane hennar. Ho gifta seg aldri.
mini|upright|Lotten von Kræmer på eldre dagar.
I 1879 busette Lotten von Kræmer seg i Stockholm. Då faren døydde i 1880 arva ho ein stor formue som ho tok vare på, samtidig som ho gav fritt til støtte for felt ho ivra for. I åra som gjekk levde ho sjølv stadig meir spartansk og blei til slutt sett på som ein original eller ei «fillefrøken».
Lotten von Kræmer er gravlagd på Uppsala gamla kyrkogård.Uppsala gamla kyrkogård: 55-0048 från svenskagravar.se
Verk Litterær verksemd Av diktsamlingane til von Kræmers kan Dikter (1863), Ackorder (1870), Nya dikter (1882) og Fragment jämte andra dikter (1902) nemnast særskilt. Ho skreiv også det nyrasjonalistiske skriftet Tankar i religiösa ämnen (1866), dei novellistiske skissene Fantasiklängväxter kring verklighetens stam (1865), reiseskildringa Bland skotska berg och sjöar (1870) og dramaene Strid (1860), Felicia (1882) og Farna (1893, 1902).
Ho skipa tidsskriftet Vår tid som kom ut i tre årgangar frå 1877 til 1879.
mini|von Kræmer testamenterte huset på Villagatan 12 i Stockholm til Samfundet De Nio
Sosialt engasjement Lotten von Kræmer ivra for sosiale reformer, mellom anna for rettane til kvinner, og i 1872 grunnla ho det første stipendfondet for kvinnelege studentar ved Uppsala universitet. Ho gav også pengestøtte til tidsskriftet Ord och Bild, Fredrika Bremer-förbundet, Handarbetets vänner og Östermalms arbetsstuga för fattiga barn.
Von Kræmer var også aktiv i kampen for kvinneleg røysterett, og var ein av dei største bidragsytarane til Landsföreningen för kvinnans politiska rösträtt (LKPR). Under den internasjonale røysterettskongressen i Stockholm i juni 1911, då rørsla heldt eit opptog gjennom byen, stoppa han opp utanfor balkongen hennar.
Samfundet De Nio Lotten von Kræmer stifta Samfundet De Nio og testamenterte seinare eigedommen sin til verksemda, noko som gav grunnlaget for Lotten von Kræmers pris. Hennar Samlade skrifter blei gjevne ut av gruppa i 1918.Lotten von Kræmer Samfundet De Nio
Bibliografi miniatyr|portrett|Gravsteinen på Uppsala gamla kyrkogård.
- 2. upplaga med titeln Dikter 1885.
- Med teckningar av Jenny Nyström.
- Med 9 illustrationer av Jenny Nyström. - Del 1 enda som gavs ut. - Innehåll: Fama : skådespel i 3 akter ; Nina : berättelse.
Diverse - Utgivna anonymt. - Edited by Karen Sasha Anthony Tipper. With a preface by Donald Mead.
Redaktørskap
Samla skrifter og utval . Utgivna av Samfundet De Nio. Med levnadsteckning av John Landquist.
Kjelder
«Charlotta Lovisa Kræmer» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. mai 2015.
Denne artikkelen bygger på «Lotten von Kræmer» frå , den 6. mai 2015. oppgav desse kjeldene:
Svenskt biografiskt lexikon (artikel av Ragnar Amenius). Bakgrunnsstoff Lotten von Kræmer på dramawebben.se
Kategori:Svenskspråklege forfattarar Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Svenske velgjerarar Kategori:Svenske kvinnesaksfolk