Gisle Midttun () var ein norsk kulturhistorikar frå Kvinnherad. Olav Midttun var bror hans.

Midttun var tilsett på Norsk Folkemuseum frå 1910. Han vart konservator ved museet i 1914 og understyrar i 1919. Gjennom åra gjorde han mange samlarferder etter både gjenstandar og tradisjonar. Han skreiv om både husbygging, husbunad og folkekunst i samleverket Norske Bygder, eit verk han var med å redigere.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958

Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske museumsfolk Kategori:Folk frå Kvinnherad