Gan Yavne (hebraisk skrift גַּן יַבְנֶה) er ein by i sentrale Israel, like ved byen Ashdod. Gan Yavne vart grunnlagd i 1931 og vart lokal kommune i 1950. Han ligg aust for Tel-Aviv–Ashkelon-vegen, og grensar i vest til Ashdod, i nord til Gederot regionale kommune, og i aust og sør til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2011 hadde Gan Yavne eit folketal på 22 000.«Living under the rocket's roar», Jerusalem Post
Historie Gan Yavne vart grunnlagd i 1931 av selskapet Achuza Aleph. Dette var skipa av fleire jødiske familiar frå Russland og Polen som hadde slått seg ned for ei stund i USA. Inspirasjonen til namnet «Gan Yavne» kjem frå nærleiken til det historiske Yavne.
Venskapsbyar Gan Yavne er venskapsby med: Puteaux i Frankrike (sidan 1973) Winnipeg i Canada (sidan 1984)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gan Yavne» frå , den 6. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1931 Kategori:1931 i Palestina