Future Games er det femte studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1971. Det var det første albumet deira med den amerikanske gitaristen Bob Welch og det første med Christine McVie som fulltidsmedlem. Utan 1950-talsmusikken til gitaristen Jeremy Spencer, som no hadde slutta i bandet, gjekk bandet eit ytterlegare steg bort frå blues og nærare den melodiske popstilen dei til slutt skulle bryte gjennom i Amerika med fire år seinare. Etter bandet bandet hadde spelt inn albumet og gjeve det frå seg, kom plateselskapet attende og sa at dei ikkje ville gje ut albumet med berre sju songar, og kravde at dei spelte inn ein åttande. «What a Shame» vart då spelt inn i all hast som ein jam.

I 2001 gav Sincer Records ut albumet på ny på CD.

Ein kraftig redigert versjon av «Sands of Time» vart ein mislukka singel i USA og somme andre land. Albumet vart likevel spelt ein del på FM-radio. Tittelsporet «Future Games» vart seinare spelt inn på ny av Bob Welch i 1979 for soloalbumet hans The Other One.

Det finst ein tidleg versjon av «Morning Rain» med tittelen «Start Again» for ei BBC-innspeling den 5. januar 1971.

Innhald

På somme versjonar av plata er opplistinga av lengda på songane særs unøyaktig. Til dømes har enkelte versjonar oppført at «Woman of a 1000 Years» er 8:20 lang, medan han i røynda er 5:28.

Medverkande Danny Kirwan – gitar, vokal Bob Welch – gitar, vokal Christine McVie – klaverinstrument, vokal John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer, perkusjon

Andre medverkande John Perfect – saksofon

Produksjon Produsent: Fleetwood Mac Lydteknikar: Martin Rushent Studio: Advision Plateomslag: John Pasche Fotografi på omslaget Sally Jesse Gruppefoto av Edmund Shea

Lister

Liste PlasseringUS Billboard 20091

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Future Games» frå , den 16. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Danny Kirwan Kategori:Album produserte av Bob Welch Kategori:Album produserte av Christine McVie Kategori:Album produserte av John McVie Kategori:Album produserte av Mick Fleetwood