Mishmar David (hebraisk skrift מִשְׁמַר דָּוִד, tyder 'Davids vakt') er ein fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah nær Mazkeret Batya og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 197. I 2003 vart han den første kibbutzen som vart privatisert.

Historie Landsbyen vart grunnlagd som ein kibbutz i 1948 av Holocaust-overlevande frå Romania og tidlegare soldatar, og vart kalla opp etter David Marcus, ein amerikansk oberst som hjelpte Israel under den arabisk-israelske krigen i 1948 og som seinare vart den første generalen i landet. Han vart grunnlagd på land som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Khulda. I 1970-åra tok kibbutzen i mot fleire immigrantar frå Storbritannia. Hovudnæringa var basert på dyrkinga av mais, avokado og druer, i tillegg til ei trykkpresse.

Den kollektive livsstilen gjekk tilbake i 1990-åra. Matsalen til kibbutzen vart stengd i 1994, og i 1999 vart systemet med å bli betalt etter behov avskaffa. I 2003 stemnde 50 personar for og berre ein i mot,Socialism's Last Stand Commentary Magazine, March 2002 og staden vart han omgjort til ein fellesbusetnad, som den første kibbutzen i Israel. Kibbutzen hadde gjeld på 18 million britiske pund,Pioneering dream ends as kibbutz goes private The Guardian, 6. mai 2001 og selde landområde for å få bygd 350 bustadhus, medan resten av landområdet vart gjeve attende til staten. Kvar kibbutzmedlem fekk aksjar i trykkeriet.

Ei arkeologisk utgraving i 2006 avdekte ein gammal omajade-busetnad som dekte seks mål i Mishmar David.Evidence of ancient settlement uncovered in IAA excavations at Mishmar David, 3. desember 2006

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mishmar David» frå , den 25. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Privatiserte kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel