Bitan Aharon (hebraisk skrift בִּיתַן אַהֲרֹן, tyder Aharon-paviljongen) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Hadera og Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 213.
Moshaven vart grunnlagd i 1936. Dei første åra leigde moshaven inn arbeidarar for å plante appelsinlundar, medan medlemmane framleis budde i byar. Eit tiår seinare vart landsbyen meir utvikla og nye innbyggjarar kom til. I 1947 hadde han eit folketal på 100. Landsbyen vart kalla opp etter Aharon Freeman, ein kanadisk sionist-aktivist.
Bitan Aharon naturreservat I 1968 vart det oppretta eit 46 mål stort naturreservat, like aust for moshaven. Reservatet dekkjer den andre kurkar-ryggen som går frå nord til sør langs denne delen av Den israelske kystsletta, og her finst mange graver hogd ut i stein og gravgrotter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bitan Aharon» frå , den 26. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Busetnader grunnlagde i 1936 Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:1936 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel