Hadar Am (hebraisk skrift הֲדַר עָם, tyder 'Nasjonssitrus') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 494.
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av immigrantar frå Litauen og Nord-Amerika, og heitte først Herut America Gimel (det var to andre busetjingar som heitte Herut America - Herut America Alef (i dag Herut) og Herut America Bet (i dag Beit Herut)) etter organisasjonen som hjelpte dei med å emigrere. I 1943 fekk han namnet Hadar Am etter sitrustrea som veks kring landsbyen. Grunnleggjarane fekk seinare med seg fleire immigrantar frå Nederland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hadar Am» frå , den 26. juli 2015.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Litauisk diaspora i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1933 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1933 i Palestina