Herev Le'et (hebraisk skrift חֶרֶב לְאֵת, tyder Sverd til plogskjer) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta sør for Hadera og dekkjer 1 750 mål i Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 796.

Moshaven vart grunnlagd i 1947 av demobiliserte soldatar frå britiske og tsjekkoslovakiske hæren. Namnet er henta frå Jesaja 2:4; Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig.Jesaja kapittel 2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Herev Le'et» frå , den 26. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel