Romerike Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskole som ligg på Jessheim i Ullensaker kommune i Akershus, om lag 8 km frå Oslo lufthamn, Gardermoen. Skolen har plass til rundt 105 elevar i året og er eigd av Akershus fylkeskommune.

Romerike Folkehøgskole har reindyrka fagfelta teater og musikk, og lagar 40 til 50 små og store teaterstykke og konsertar i løpet av året. Elevane bur på internat ved skolen, i enkelt- eller dobbeltrom. Fasilitetar ved skolen er mellom anna scene, lydstudio, lysstudio, gymsal, treningsrom og eit nybygg med black-box og lydtette musikkøverom.

Linjefag ved skolen i 2015: Kostyme og teatersminke Lyd og musikk Lysdesign Musikk og teater Scenografi Teater

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Folkehøgskular i Akershus Kategori:Skipingar i 1876 Kategori:Ullensaker kommune