Blåkronetanagar (Anisognathus melanogenys) er ein iaugefallande fugl i tanagarfamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring

Denne tanagaren måler i gjennomsnitt 18,5 centimeterHilty, Stevan L. & William Brown (1986) A guide to the birds of Colombia: 618, Pl.50. Princeton University Press. og veg 41 gram.Hilty, S. (2011) Fjørdrakta presenterer blå krone og nakke, svarte kinn med ein liten gul flekk under auget, mørk, blågrå rygg og gyllengul underside. Både nebbet og beina er svarte.

Blåkronetanagaren lever i habitat som ligg i utkanten av fuktig skog, det kan òg vere gjenreist skog. Han er meir sjeldan inne i tett skog. Dei kan treffast i høgdnivå mellom 1200 og 3200 moh., men sjeldan under 1500 m.

Små frukter gjer ut for det meste av innhaldet i dietten til blåkronetanagaren. Dei beitar parvis, i små grupper eller i fleirartsflokkar.

Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men han er rekna å vere vanleg i det litle utbreiingsområdet. Trenden er minkande. Han er klassifisert som livskraftig.BirdLife International (2015)

Kjelder

Hilty, S. (2011). Santa Marta Mountain-tanager (Anisognathus melanogenys) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. juli 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Anisognathus melanogenys . Henta frå http://www.birdlife.org den 27. juli 2015 Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tanagarfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Sierra Nevada de Santa Marta