Michel François Platini () er ein fransk idrettsleiar og tidlegare fotballspelar, fødd i Jœuf i Meurthe-et-Moselle-departementet. Han var president i Det europeiske fotballforbundet (UEFA) frå 2007 til 2015. Platini var ein offensiv midtbanespelar som var den heit dominerande spelaren då Frankrike vann EM i fotball 1984. Han spelte 72 landskampar og skåra 41 mål for Frankrike i tida, og vart i av France Football i 2000 kåra til tidenes beste franske fotballspelar, framom Zinédine Zidane.
Karriere Klubbspel Platini seriedebuterte for AS Nancy våren 1973 og spelte for klubben fram til 1979. Både i 1976 og 1977 fekk han prisen som beste spelar i den franske serien. Han var lagkaptein då Nancy vann 1–0 over Nice i den franse cupfinalen 1978. Sommaren 1979 underskreiv han ein treårskontrakt med AS Saint-Étienne, ein klubb han førte til seriemeisterskap i 1981.
Frå sommaren 1982 og i fem år framover var Platini Juventus-spelar. Han gjekk rett inn i eit klubbmannskap som bestod av mange av Italias verdsmeistrar frå same året; Dino Zoff, Gaetano Scirea, Antonio Cabrini, Paolo Rossi, Claudio Gentile og Marco Tardelli. Platini vart likevel den mest sentrale spelaren bak Juventus sine mange triumfar dei neste fem åra. I 1983 vann Torino-klubben den italienske cupen, og året etter både den italienske serien og cupvinnarcupen. Under tragiske omstende på Heysel-stadion, der fleire titals italienske tilskodarar vart drepne, vann Juventus over Liverpool i europacupfinalen 1985. I 1986 vart Platinie seriemeister med Juventus for andre gong. Våren 1987 la han opp.
Landslagsspel Platini spelte sin fyrste landskamp 27. mars 1976, og skåra eitt av måla då heimelaget spelte uavgjort 2–2 mot den komande europameisteren Tsjekkoslovakia. Han var med i den franske troppen både under VM i fotball 1978 og 1982, i den siste meisterskapen tapte Frankrike ein dramatisk semifinale mot Vest-Tyskland på straffeskyting. Også bronsemedaljen gjekk tapt ettersom Polen vann bronsekampen med 3 mot 2.
EM i fotball 1984 presenterte Platini seg på sitt aller beste. Med ni mål og skåring i kvar einaste kamp, stod han fram som den suverene einaren i meisterskapen. Det enda med at han som lagkaptein kunne ta mot EM-pokalen og feire at Frankrike for fyrste gong hadde vunne ein stor meistertittel. Som i 1982-VM møttest Frankrike og Vest-Tyskland til ein ny semifinale-dyst i VM i fotball 1986, og som sist gjekk Frankrike tapande ut av møtet. Til skilnad frå 1982 vann Platini og Frankrike denne gongen bronsefinalen.
Idrettsleiar Platini var fransk landslagssjef frå 1988 til 1992, utan å oppnå større suksess. Seinare engasjerte han seg idrettspolitisk, og vart i 2007 vald til leiar av UEFA (det europeiske fotballforbundet). Attvald i 2011 og 2015.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michel Platini» frå , den 27. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Nancy-spelarar Kategori:Saint-Étienne-spelarar Kategori:Idrettsleiarar Kategori:Franske fotballtrenarar Kategori:Folk som er nemnde i Panamapapira Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986