Deimos (, , 'frykt') var den personleggjorte frykta i gresk mytologi. Deimos var son av krigsguden Ares og kjærleiksgudinna Afrodite.
Deimos er ofte nemnd saman med tvillingbroren Phobos (skrekk) og er knytt til krigsgudinna Enyo (syster eller elskar til Ares) og Ares sine redsletenarar, Deimos er meir ei abstrakt personleggjering av redsla ein kan føla i krig, og opptrer ikkje som nokon eigen person i gresk mytologi. Tilsvarande figurar i romersk mytologi er Fuga, Formido eller Metus.
Dei to månane til Mars er kalla opp etter Deimos og Phobos.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Deimos (deity)» frå , den 27. juli 2015.
Kategori:Greske gudar Kategori:Stridsgudar Kategori:Personifikasjonar