«Dreams» er ein song skriven av songar Stevie Nicks for gruppa Fleetwood Mac. Songen vart gjeven ut på albumet Rumours i 1977 og på singel. Singelen var den einaste singelen til gruppa som nådde toppen av salslista i USA, der han selde over ein million eksemplar og er ein av dei mest kjende songane deira.

Bakgrunn og låtskriving Medlemmane i Fleetwood Mac hadde alle personlege problem under innspelinga av Rumours. Trommeslagaren Mick Fleetwood gjekk gjennom ein skilsmisse. Bassisten John McVie var separert frå kona si, klaverspelaren Christine McVie. Gitaristen Lindsey Buckingham og Stevie Nicks var i ferd med å avslutte det åtte år lange forholdet sitt. «Me måtte gjennom denne innvikla fornektingsprosessen,» forklarte Buckingham til Blender, «og halde dei personlege kjenslene våre i eit hjørne av rommet, medan me prøvde å vere profesjonelle i det andre.»«The Greatest Songs Ever! Dreams". Blender Magazine. Henta 28. juli 2015.

Nicks skreiv songane i Record Plant i Sausalito i California tidleg i 1976. «Ein dag då det ikkje var trong for meg i hovudstudioet,» fortalte songar Stevie Nicks til Blender, «tok eg eit Fender Rhodes-piano og gjekk inn i eit anna studio, som skal ha høyrt til Sly, frå Sly & the Family Stone. Det var eit svart og raudt rom, med ei grop i midten av rommet der det stod eit piano, og eit stor seng med svart fløyel og viktorianske gardiner.»

«Eg sat meg ned på senga med pianoet føre meg, fann ein trommerytme og slo på den vesle kassettspelaren min og skreiv 'Dreams' på kring 10 minuttar. Eg likte med ein gong at eg skreiv noko som hadde ein danserytme i seg, fordi det var ganske uvanleg for meg.»

Då Nicks spelte songen for resten av gruppa, valde dei å spele han inn dagen etter. Berre grunnsporet vart spelt inn i Sausalito. Innspelingsassistenten Cris Morris hugsar at «alt dei tok med seg vidare var trommesporet og vokalen til Stevie - gitarane og bassen vart lagt på seinare i Los Angeles.»

Christine McVie skildra songen som «berre tre akkordar og ein note på venstre handa» og «keisam» då Nicks spelte ein uferdig versjon på pianoet. McVie ombestemte seg, etter at Buckingham «skapte tre seksjonar ut av identiske akkordar, og fekk den midtre delen til å høyrast heilt annleis ut. Han skapte inntrykket av det var ein raud tråd som gjekk gjennom heile songen.»

«Dreams» var den andre singelen frå Rumours i USA og nådde toppen av singellista den 18. juni 1977, der han låg ei veke. På AC/Easy Listening-lista nådde «Dreams» ein 11. plass, den høgaste plasseringa til Fleetwood Mac i 1970-åra.The Top 50 Adult Contemporary Artists Ever - Billboard.com I Storbritannia nådde «Dreams» 24. plassen, som den tredje singelen frå albumet. Han låg inne på topp 40 i åtte veker. Ei framføring av songen på ein scene vart nytta som musikkvideo. Fleetwood Mac byrja først å lage musikkvideoar med eit konsept i 1979.

Medverkande Stevie Nicks – solovokal, harmonivokal Lindsey Buckingham – elektrisk & akustisk gitar, harmonivokal Christine McVie – Fender Rhodes elektrisk piano, Hammondorgel, harmonivokal John McVie – bass Mick Fleetwood – trommer, congatrommer

The Corrs-versjonen

«Dreams» er ein coverversjon spelt inn av The Corrs. «Dreams» vart opphavleg spelt inn for Legacy: A Tribute to Fleetwood Mac's Rumours, der andre artistar spelar songar frå Rumours, mellom andre «Don't Stop» av Elton John, «You Make Loving Fun» av Jewel og andre frå the Goo Goo Dolls og the Cranberries. Han vart den første store hitten til The Corrs i Storbritannia og musikkvideoen vann prisen for beste Adult Contemporary-video hos magasinet Billboard i 1998. Då songen vart ein hit, vart det andre studioalbumet til the Corrs, Talk on Corners, gjeve ut på nytt med «Dreams».

The Corrs framførte «Dreams» med Mick Fleetwood frå Fleetwood Mac på konserten sin i Royal Albert Hall på St. Patrick's Day i 1998.

Tee's remix gjorde at «Dreams» klatra til sjetteplassen i Storbritannia og låg inne på lista i 10 veker.

Innhald CD «Dreams» (radio edit) – 4:18 «Dreams» (Tee's Radio) – 3:53 «Dreams» (Tee's New Radio) (Todd's Henry St. Mix) – 3:52 «Dreams» (TNT Pop extended mix) – 8:40 «Dreams» (Tee's Club) – 7:39 «Dreams» (Tee's in House mix) – 4:32

Lister Liste (1999)PlasseringAustralian ARIA Singlar ChartAustralian Charts47Canadian Adult ContemporaryCanadian Charts (Adult Contemporary)10Canadian RPM Top 100 SinglarCanadian Charts38FrankrikeFrench Charts52Tyskland73Irish Singles ChartIrish Charts6Nederland Mega Single Top 100Dutch Charts71UK Singles ChartEveryhit6

Deep Dish med Stevie Nicks I 2005 song Nicks på ein ny versjon av songen av DJ og house-duoen Deep Dish. Songen finst på albumet deira George Is On, og vart ein hit på UK Singles Chart. I USA nådde versjonen 26. plassen på Hot Dance Club Play-lista. Ein redigert versjon av songen var med på albumet til Nicks, Crystal Visions – The Very Best of Stevie Nicks i 2007.

Liste (2006)PlasseringAustralia Singles Chart27Nederland18Belgia42Irish Singles Chart22Finland 6US Hot Dance Club Play26UK Singles Chart14Italia39

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dreams (Fleetwood Mac song)» frå , den 28. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar skrivne av Stevie Nicks Kategori:Songar produserte av Richard Dashut 009 Kategori:Songar om hjartesorg Kategori:Songar om draumar