Johann Roppen () er ein norsk professor i journalistikk. Han var rektor ved Høgskulen i Volda frå 2015 til 2023.

Biografi Johann Roppen kjem frå Flø i Ulstein kommune. Han gjekk på Ulstein vidaregåande skule og seinare på Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Universitetet i Bergen. Doktorgradsprosjektet hans handla om mediekonsentrasjon og journalistikk i Noreg med Edda Media som case.

Han har arbeidd som journalist i Vikebladet, som rådgivar i Medietilsynet, forskingsleiar ved Møreforsking og i undervisnings- og forskingsstillingar ved Høgskulen i Volda. Roppen var FoU-rådgivar ved Høgskulen i Volda 2013-2015.

Verv Leiar i Sunnmøre mållag (1990-1991) Medlem av Mediestøtteutvalet, Noreg (2010)https://www.regjeringen.no/no/dep/kud/org/styrer-rad-og-utvalg/tidligere-styrer-rad-og-utvalg/mediestotteutvalget/id630128/ Medlem av Mediestøtteudvalget, Danmark (2011)http://www.kulturstyrelsen.dk/medier/medieprojekter/mediestoetteudvalget/om-udvalget/ Leiar i Volda Turn og Idrottslag fotball (2011-2012) Leiar i Volda Idrettsråd (2014-16) Medlem av ekspertgruppe for utredning av alternativer for offentlig finansiering av NRK (2015-2016)

Kjelder

Bakgrunnsstoff Johann Roppen på Høgskulen i Voldas nettsider

Publikasjonar i Oria

Kategori:Rektorar ved Høgskulen i Volda Kategori:Professorar ved Høgskulen i Volda Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Ulstein