Henry Carr () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som i 1964 vann to gullmedaljar under dei olympiske sommarleikane i Tokyo.

Carr vart fødd i Montgomery i Alabama, som voks opp i Detroit i Michigan. Han sette verdsrekord på 200 meter i 1963 med eit løp på 20,3 sekundar. 4. april 1964 forbetra han rekorden til 20,2 sekundar under eit stemne i Tempe i Arizona.

Under dei olympiske leikane i Tokyo i oktober 1964 vann Carr 200 meter på olympisk rekord, 20,3 sekundar, framom landsmannen Paul Drayton med 20,5. Seinare i leikane sprang Carr USA inn til gull på 4 x 400 meter stafett, etter at Ollan Cassell, Mike Larrabee og Ulis Williams hadde teke laget i føringa.

Frå 1965 var Carr i eit par år aktiv i amerikansk fotball, utan å oppnå suksess.

Han døydde i Griffin i delstaten Georgia, der han hadde vore aktiv for Jehovas vitne.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henry Carr» frå , den 2. august 2015.

World Athletics

Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964