Charles Everett Dumas () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i høgdehopp i 1956. Han var frå Tulsa i Oklahoma.

Dumas sette verdsrekord i høgdehopp då han 29. juni 1956 i Los Angeles svinga seg over 2,15 meter, tilsvarande sju engelske fot. Nesten fem månader seinare vann han den olympiske gullmedaljen under Sommar-OL 1956 i Melbourne, med ny olympisk rekord 2,12 m.

I 1959 vann Dumas høgdehopp-tevlinga under dei panamerikanske leikane i Chicago. Året etter stoppa Dumas på 2,03 m då sommarleikane 1960 fann stad i Roma, vinnaren Robert Sjavlakadze sette olympisk rekord med 2,16 m.

Dumas, som sidan arbeidde som lærar, døydde av kreft i Inglewood i California.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Charles Dumas» frå , den 2. august 2015.

World Athletics

Kategori:Høgdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Folk frå Oklahoma