mini|Barbeinte Bikila under maratonløpet ved Roma, 10. september 1960 Abebe Bikila () var ein etiopisk langdistanseløpar som vart olympisk meister i maraton både i 1960 og 1964.
Bikila vart etiopisk nasjonalhelt etter at han vann maratonløpet under Sommar-OL 1960 i Roma. Bikila sprang berrbeint heile vegen, og tida 2 timar, 15 minuttar og 16,2 sekundar var den snøggaste maraton nokon hadde gjennomført.
Til dei olympiske leikane 1964 i Tokyo var ikkje Bikila like godt førebudd. Seks veker før tevlinga hadde han fjerna blindtarmen og dermed redusert treningsmengda. Likevel greidde Bikila å forsvare den olympiske tittelen, denne gongen med sko. Atter presterte han ny verdsbeste; 2.12.11,2.
Bikila deltok også under OL 1968 i Mexico-byen, og braut etter 17 kilometer. Løpet vart vunne av landsmannen Mamo Wolde.
I 1969 braut Bikila ryggen og vart lam etter ein bilvelt med si Volkswagen, ein bil han hadde fått av keisar Haile Selassie. Han døydde av hjerneslag i Addis Abeba, 41 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Abebe Bikila» frå , den 3. august 2015.
World Athletics
Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Etiopiske maratonløparar Kategori:Olympiske meistrar for Etiopia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968