William D. Davenport, kjend som Wilie Davenport, () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 110 meter hekk i 1968.

Davenport, som var fødd i Troy i Alabama, deltok i fire sommar-OL på 110 meter hekk. Under OL 1964 i Tokyo vart han slått ut i semifinalen med tida 14,28. Fire år seinare, under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen, vann han gullmedaljen med tida 13,33 sekundar, hans livs snøggaste løp. I 1969-sesongen tangerte han verdsrekorden på 13,2 (manuell tid).

Davenport kom på fjerdeplass på korthekken i München-OL 1972, landsmannen Rod Milburn vann løpet. I 1976 i Montreal vart Davenport nummer tre og likevel beste utøvar frå USA i OL 1976. Det var aller fyrste gongen det ikkje hadde vore dobbeltsiger til USA på korthekken i dei olympiske leikane.

Under Vinter-OL 1980 deltok Davenport for USA i bobsleigh. Laget hans i firarbob enda på tolvteplass.

Davenport var soldat i hæren. Han døydde i Chicago av hjartestans, som oberst i nasjonalgarden.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Willie Davenport» frå , den 4. august 2015.

World Athletics

Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Bobkøyrarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Deltakarar i både vinter-OL og sommar-OL Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Bobkøyrarar under vinter-OL 1980