Milton Gray Campbell, kjend som Milt Campbell, () var ein USA-amerikansk idrettsutøvar som vart olympisk meister i tikamp.
Campbell, som var frå Plainfield i New Jersey, var ein allsidig idrettsmann. Allereie i yngre år utmerka han seg i friidrett og symjing. Som student ved Indiana University i Bloomington kvalifiserte han seg til Sommar-OL 1952 i Helsinki. I den finske hovudstaden sikra han seg sølvmedaljen i tikampen, bak sin fullstendig suverene landsmann Bob Mathias.
Fire år etter Helsinki-OL vann Campbell tikamp-øvinga i Melbourne-OL med 7 937 poeng, nesten 1000 poeng over det han oppnådde i 1952. Landsmannen Rafer Johnson fekk sølvmedaljen med nøyaktig 350 færre poeng enn Campbell.
I 1957 spelte Campbell amerikansk fotball for Cleveland Browns. Sidan spelte han kanadisk fotball fram til 1964.
Campbell døydde i Gainesville i delstaten Georgia.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Milt Campbell» frå , den 6. august 2015.
World Athletics
Kategori:Mangekjemparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956