«Sara» er ein song skriven av songar-låtskrivar Stevie Nicks og gjeve ut av poprockband Fleetwood Mac i 1979 på albumet Tusk. Songen vart òg gjeven ut som singel i ei forkorta utgåve. Singelen nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista, 37. plassen i Storbritannia, 11. plassen i Australia og andreplassen i Canada.

Opphav Det har vore mange rykte om at songen handlar om ein abort Nicks hadde etter ho vart gravid med den dåverande kjærasten Don Henley. Henley sjølv har føreslått denne tydinga av songen. I eit intervju i 1979 sa Nicks «Om eg nokon gong får ei lita jente, skal ho heite Sara. Det er eit særs spesielt namn for meg.» Nicks stadfesta rykte 35 år seinare i eit intervju i september 2014 med Billboard Magazine. «Hadde eg gifta meg med Don og fått det barnet, og det hadde vore ei jente, så hadde ho heitt Sara.»http://www.billboard.com/articles/news/6266329/stevie-nicks-interview-on-don-henley-fleetwood-mac-24-karat-gold-albumhttp://www.lifesitenews.com/news/stevie-nicks-confirms-she-wrote-hit-song-about-baby-she-aborted-with-don-he

Stevie Nicks skreiv songen på eit piano. Mick Fleetwood hadde vanskar med å legge trommer på songen, og nytta vispar for å få det til.

Plagiatsøksmål I 1980, året etter songen kom ut, vart Stevie Nicks saksøkt for plagiat av Carol Hinton frå Rockford i Michigan. I 1978 hadde Hinto skrive ein song kalla «Sara», som ho hadde sendt til Warner Brothers, plateselskapet til Fleetwood Mac. Teksten i songen til Hinton og Stevie Nicks var liknande. Begge hadde linjene «Drowning in the sea of love» og «When you build your house, call me.» Stevie Nicks forsvarte søksmålet med å bevise at ho hadde skrive og spelt inn ein demoversjon av songen i juli 1978, månader før Hinton sendte teksten sin til Warner. Hinton gav til slutt opp og godtok at Nicks ikkje hadde stole songen hennar.

Versjonar Versjonen av songen på den originale vinyl-utgåva var 6:22 lang, men då Tusk kom ut på CD første gongen i 1987, var det ei forkorta utgåve av songen på 4:37 som var med, der det midtre verset og mellomspelet er borte. Det var først i 1988 med Greatest Hits-samlinga at den fulle versjonen av songen vart tilgjengeleg på CD.

Det finst òg ein versjon kalla «the cleaning lady»-versjonen. Han har fått dette namnet fordi ein kan høyre Nicks sei i byrjinga av opptaket: «I don't want to be a cleaning lady!» Denne versjonen er nesten ni minuttar lang og vart gjeven ut på bonusplata som kom ut med Tusk i mars 2004.

Medverkande Stevie Nicks - solovokal Lindsey Buckingham - gitar, korvokal Christine McVie - piano, korvokal John McVie - bassgitar Mick Fleetwood - trommer, perkusjon

Lister Lister (1979/1980)PlasseringAustralia - Kent Music Report11Canadian Singles Chart2Tyskland44Frankrike31Nederland10New Zealand RIANZ17Sør-Afrika18UK Singles Chart37U.S. Billboard Hot 1007

I andre media Songen vart nytta i den tredje episoden i tredje sesongen av American Horror Story. Songteksten vart nytta som bevis på at Stevie Nicks var ei heks.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sara (Fleetwood Mac song)» frå , den 11. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Popballadar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Stevie Nicks Kategori:Songar produserte av Ken Caillat Kategori:Songar produserte av Richard Dashut Kategori:Songar om abort