Sheryl Suzanne Crow () er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og gitarist. Musikken hennar nyttar element av pop, rock, folk, country og blues. Ho har gjeve ut åtte studioalbum, to samlealbum, eit konsertalbum og medverka med musikk til fleire filmar. Ho har selt meir enn 17 million album i USA og over 50 millionar album verda over. I tilelgg har Crow fått ni Grammy-prisar (og 32 nominasjonar) frå National Academy of Recording Arts and Sciences.

I tillegg til sin eigen musikk har Crow spelt med the Rolling Stones, Stevie Nicks, Michael Jackson, Steve Earle, Prince, Eric Clapton, Luciano Pavarotti, Willie Nelson, Smokey Robinson, B.B. King, George Strait, Tony Bennett, Kid Rock og Sting og fleire. Ho har òg sunge korvokal for Tina Turner, Don Henley, Stevie Nicks, Belinda Carlisle og for Bob Dylan på hans 30-årsjubileumskonsert som artist.

Som skodespelarinne har Crow spelt i fleire fjernsynsseriar som 30 Rock, GCB, Cougar Town, Jon Stewart og Stephen Colbert's Rally to Restore Sanity and/or Fear, i tillegg til One Tree Hill.

Diskografi Tuesday Night Music Club (1993) Sheryl Crow (1996) The Globe Sessions (1998) C'mon, C'mon (2002) Wildflower (2005) Detours (2008) Home for Christmas (2008) 100 Miles from Memphis (2010) Feels Like Home (2013) Be Myself (2017) Threads (2019) Evolution (2024)

Film og fjernsyn

+ Fjernsyn År Tittel Rolle Merknad 1990 Cop Rock Undercover Cop Episode: «Bang the Potts Slowly» 1996 Fairway to Heaven Journalist Film 2004 One Tree Hill Seg sjølv Episode: «The First Cut Is the Deepest" 2005 Saturday Night Live Seg sjølv/musikalsk gjest Episode: Lance Armstrong/Sheryl Crow 2009 30 Rock Seg sjølv Episode: «Kidney Now!» 2010 Hannah Montana Seg sjølv Episode: «It's the End of the Jake as We Know It» 2010 Cougar Town Sara 3 episodar 2012 GCB Seg sjølv Episode: «Forbidden Fruit» 2013 The Voice: Season 4 Seg sjølv/rettleiar Laget til Blake Shelton

+ Film År Tittel Rolle Merknad 1998 54 VIP Patron 1999 The Minus Man Casper 2004 De-Lovely Artist

Bøker If It Makes You Healthy med Chuck White (2011) ISBN 1429996366

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sheryl Crow» frå , den 13. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Intervju med Sheryl Crow ved National Public Radio sitt program Fresh Air

Sheryl Crow ved VH1.com

Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarinner Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:Countrymusikarar frå Missouri Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Musikarar frå Missouri