Brittney Davon Reese () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Inglewood som spesialiserte seg i lengdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2009, 2011, 2013 og 2017, og vart olympisk meister i 2012. I tillegg sanka ho to OL-sølv og tre gullmedaljar i VM innandørs.

Aktiv Med ny personleg rekord på 7,10 m vann Reese lengdetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin. Kort etter sigra ho i spesialøvinga også då IAAF-finalen fann stad i Thessaloníki, med eit bestehopp som målte 7,08 meter. I 2010 gjekk ho til topps i lengdehopp under innandørs-VM, og vann lengde samanlagt i IAAF Diamond League.

Sommaren 2011 forbetra Reese den personlege rekorden til 7,19 m i Eugene, og ho forsvarte VM-tittelen under friidretts-VM i Daegu i august månad. Ho vann ein suveren siger då ho forsvarte innandørs VM-tittelen i Istanbul i 2012 med eit hopp på 7,23 m. I 2012 vart Reese olympisk meister i lengdehopp under Sommar-OL 2012 i London. Vinnarhoppet målte 7,12 m. Sesongen etter tok Reese tredje rake VM-tittel utandørs då ho med 7,01 m viste nigerianske Blessing Okagbare, 6,99 m, til andreplass.

I 2016 hoppa Reese 7,22 m ved innandørs-VM i Portland, hennar tredje VM-triumf innandørs. Om sommaren presterte Reese livsbeste med eit hopp på 7,31 meter. Seks veker seinare hoppa ho 7,15 m i OL-finalen 2016, enda dermed på sølvplass etter landskvinna Tianna Bartoletta. Med eit bestehopp på 7,02 m vart Reese året etter verdsmeister i lengdehopp for fjerde gong.

Reese slutta som aktiv etter ho kneip sølvmedaljen i OL i Tokyo 2021, ho og Ese Brume frå Nigeria hoppa 6,97 m som best, men Reese hadde det beste nestlengste-hoppet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Nr 8 – 6,60 m OL 2008 i Beijing: Nr 5 – 6,76 m VM 2009 i Berlin: Gullmedalje - 7,10 m, framom Tatjana Lebedeva (6,97 m) VM 2011 i Daegu: Gullmedalje - 6,82 m, framom Olga Kutsjerenko (6,77 m) OL 2012 i London: Gullmedalje - 7,10 m, framom Jelena Sokolova (7,07 m) VM 2013 i Moskva: Gullmedalje - 7,01 m, framom Blessing Okagbare (6,99 m) VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (6,39 m =nr 14) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 7,15 m, bakom Tianna Bartoletta (7,17 m) VM 2017 i London: Gullmedalje - 7,02 m, framom Darja Klisjina (7,00 m) VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa (6,52 m =nr 13) OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 6,97 m, bakom Malaika Mihambo (7,00 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brittney Reese» frå , den 14. august 2015.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020