Carmelita Jeter () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Los Angeles i delstaten California som tevla på sprintdistansane 100 meter og 200 meter. Ho vart verdsmeister på 100 m under VM i friidrett 2011 og vann elles to VM-gull på 4 x 100 m stafett, samt OL-gull i same øvinga i 2012. I tida 2007-13 sanka ho sju individuelle medaljar på 100 m og 200 m; VM-gull, VM-sølv, OL-sølv, tre VM-bronsar og ein OL-bronse. Hennar personlege rekordar er 10,64 sekund (2009) på 100 meter og 22,11 sekund (2012) på 200 m.
Aktiv Jeter vart nummer 3 på 100 meter under Friidretts-VM 2007 i Osaka. Med personleg rekord på 11,02 sekund var ho eitt fattig hundredels sekund bak gull- og sølvvinnarane i løpet. Året etter forbetra ho seg til 10,97 sekund ved det nasjonale uttaket i USA, utan det var godt nok til å kvalifisere seg til Sommar-OL i Beijing. I 2009 forbetra ho seg via 10,92 til 10,83, for så å vinne ei ny VM-bronse i Berlin på tida 10,90. I september sigra ho IAAF-finalen i Thessaloníki på fantastiske 10,67. Ei veke seinare, den 20. september i Shanghai, sprang ho i mål på livsbeste 10,64 sekund. Desse fabelaktige tidene vekte mistankar om doping, gitt den store tidsmessige framgangen Jeter hadde hatt i løpet av sesongen.
Under svært gunstige tilhøve i Eugene 4. juni 2011, vann Jeter 100 meter på sterke 10,70 sekund. I verdsmeisterskapen i Daegu i Sør-Korea tok ho gullmedaljen på 100 m, med tida 10,90 slo ho Veronica Campbell frå Jamaica med sju hundredels sekund. På 200 meter vart det omsnudd, her vart Jeter nummer med tida 22,37, Campbell vann på 22,22 sekund. Til sist, i 4 x 100 m stafett, sprang Jeter USA i mål til siger.
OL-sesongen 2012 sprang Jeter inn til livsbeste 22,11 sekund på 200 m i juni månad. Under dei olympiske sommarleikane 2012 i London presterte ho årsbeste 10,78 i finalen på 100 meter, tre hundredels sekund bakom gullvinnar Shelly-Ann Fraser frå Jamaica og like langt framom bronsemedaljør Campbell. Sidan i leikane vann Jeter bronsen på 200 m med tida 22,14, og ho sprang som ankerkvinne USA i mål til ein suveren siger i den korte stafetten. Etter ho sikra seg bronsemedaljen på 100 meter ved verdsmeisterskapen 2013 i Moskva, makta ikkje Jeter å prestere på aller høgste nivå. Ho la opp i 2016.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje på 100 m – 11,02 VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje på 100 m – 10,90 VM 2011 i Daegu: Gull på 100 m og 4 x 100 m stafett, sølv på 200 m OL 2012 i London: Sølv på 100 m, bronse på 200 m og gull i stafett VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje på 100 m – 10,94
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Carmelita Jeter» frå , den 16. august 2015.
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Los Angeles