Bianchini er eit ringfjell på månen som ligg ved sidan av dei nordlege Jurafjella som ligg kring Sinus Iridum, nordvest på månen. Nedslaget som skapte dette krateret nær kanten av Jurafjella kasta noko materiale ut på sletta i Sinus Iridum.

Krateret er kalla opp etter den italienske astronomen Francesco Bianchini (1662–1729).

Kanten av krateret er ikkje særleg slite ned, men det er eit lite krater langs innsida av austkanten. Innafor den indre veggen er det noko ujamnt dekke og ei lita gruppe med ryggar langs midtpunktet. Delar av den indre veggen har falle ned mot botnen langs nordkanten.

Satellittkrater Det er vanleg å identifisere desse på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som ligg nærmast Bianchini.

Bianchini BreiddegradLengdegradDiameterD47.6° N35.8° W7 kmG46.7° N32.7° W4 kmH48.0° N32.7° W7 kmM48.4° N30.6° W4 kmN48.5° N31.0° W5 kmW48.5° N33.7° W9 km

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bianchini (lunar crater)» frå , den 19. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Bibliografi

Kategori:Ringfjell på månen