Brimin Kiprop Kipruto () er ein kenyansk hinderløpar frå Keiyo-distriktet i det vestlege Kenya. Han vann VM-gull på 3 000 meter hinder i 2007, og OL-gull i same øvinga året etter. 23. juli 2011 sette Kipruto personleg rekord i hinder med 7.53,64, eitt hundredels sekund bakom verdsrekorden.
Aktiv Forsommaren 2004 sette 19 år gamle Kipruto personbeste 8.05,5 ved eit stemne i Hengelo. I dei olympiske leikane nær tre måneder seinare sprang han inn til sølv i øvinga, 0,3 sekund bak landsmannen Ezekiel Kemboi. Året etter forbetra Kipruto i Roma sitt personbeste til 8.04,2. Deretter kneip han bronsemedaljen ved VM i Helsinki, to hundredels sekund føre fjerdemann. Under verdsmeisterskapen 2007 vann han gullmedalje på suverent vis, slo dei andre medaljevinnarane, landsmennene Kemboi og Richard Mateelong med over tre sekund. Ei par veker seinare flytta han sitt personbeste til 8.02,8 i Brussel.
Ved dei olympiske leikane 2008 i Beijing tok Kipruto gullmedaljen, fattige 0,15 sekund føre ein komande stormeister frå Frankrike, Mahiedine Mekhissi-Benabbad. I juli 2010 vann Kipruto to DL-stemne, han forbetra den personlege rekorden i begge stemna, sist til 8.00,9 i Saint-Denis. 22. juli 2011 i Monaco presterte han livsbeste 7.53,64, ei tid som framleis (2025) er afrikarekord. Det er elles einaste gongen han sprang under 8 minutt. Ein månad seinare kneip han sølvmedaljen på hinder under VM i friidrett 2011 i Daegu. I verdsmeisterskapen 2015 vart han tredjemann då fire kenyanarar kjempa iherdig om sigeren i hinderløpet og la beslag på dei fire fyrste plassane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Sølvmedalje - 8.06,1, bakom Ezekiel Kemboi (8.05,8) VM i 2005 i Helsinki: Bronsemedalje - 8.15,3, bakom Ezekiel Kemboi (8.14,9) VM 2007 i Osaka: Gullmedalje - 8.13,8, framom Ezekiel Kemboi (8.16,9) OL 2008 i Beijing: Gullmedalje - 8.10.3, framom Mahiedine Mekhissi-Benabbad (8.10,4) VM 2009 i Berlin: Nr 7 - 8.12,6 VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje 8.16,05 - bakom Ezekiel Kemboi (8.14,8) og framom Mahiedine Mekhissi-Benabbad (8.16,09) OL 2012 i London: Nr 5 - 8.23,0 VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje - 8.12,5 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 - 8.18,7 VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (8.33,3=nr 33)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brimin Kipruto» frå , den 20. august 2015.
World Athletics
Kategori:Kenyanske mellomdistanseløparar Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Kenyanske hinderløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016