Orot (hebraisk skrift אוֹרוֹת, tyder Lys) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nær Kiryat Malakhi og dekkjer eit område på 2 000 mål og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2012 hadde han 470 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1952 av immigrantar frå USA, Canada og Sør-Afrika som var medlemmar av Working Farmer-rørsla. Namnet kjem fråCarta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.373, ISBN 965-220-186-3 (engelsk) Kapittel 26, vers 19 av Jesaja: «For di dogg er ei dogg av lys, og jorda gjer daudingar levande.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Orot» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Nettsida til Orot
Kategori:USA-amerikansk diaspora i Israel Kategori:Kanadisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1952 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Sørafrikansk diaspora i Israel Kategori:1952 i Israel