Nitzanim (hebraisk skrift נִצָּנִים, tyder Knoppar) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg mellom Ashkelon og Ashdod på Nitzanim-sanddynene og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 343 innbyggjarar.

Kibbutzen vart grunnlagd etter Jewish National Fund kjøpte eit landområde og eit stort hus kalla «herskapshuset» i 1942.Women of Valor Sentral - Nitzanim Society for the Preservation of Israel Heritage sites Dei første innbyggjarane var immigrantar, mellom andre Holocaust-overlevande. Han tok seinare i mot fleire immigrantar frå Polen og Romania.

Kibbutzen vart erobra av den egyptiske hæren under den arabisk-israelske krigen i 1948 i slaget ved Nitzanim, men vart teken attende av israelske styrkar mot slutten av krigen. Busetnaden vart så flytta kring fire kilometer sørover frå den opphavlege plasseringa. I 1949 vart Nitzanim ungdomslandsby grunnlagd på den opphavlege staden. Ungdomslandsbyen vart nedlagd i 1990 og i 1990-åra vart fellesbusetnaden Nitzan grunnlagd på staden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nitzanim» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1943 Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1943 i Palestina