Bir Hadaj (arabisk skrift بئر هداج; hebraisk skrift 'ביר הדאג) er ein beduinlandsby i Negevørkenen, nær Revivim i Israel.

Bir Hadaj er den største byen i Neve Midbar regionale kommune med kring 5 000 innbyggjarar. Han er busett av al-Azzazma-stamma.Formation of new towns for the Negev beduin MMI. s.5, 2007

Historie Før opprettinga av Israel var Negev-beduinane eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bir Hadaj» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Neve Midbar regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 2004 Kategori:2004 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel