Eitan (hebraisk skrift אֵיתָן, tyder 'Varig') er ein nasjonal-religiøs moshav sør i det sentrale Israel. Han ligg i sørdelen av Shfela og høyrer til Shafir regionale kommune. I 2012 hadde han 412 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1955 av immigrantar frå Tunisia. Namnet er bibelsk og kjem frå «...Varig er bustaden din, ditt reir er lagt på berget.» (4. Mos 24:21)Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.155 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eitan, Israel» frå , den 13. september 2015.

Kategori:Moshavar Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Tunisisk diaspora i Israel Kategori:1955 i Israel