Geva Binyamin (hebraisk skrift גֶּבַע בִּנְיָמִין. tyder Benjaminåsen), òg kalla Adam (hebraisk skrift אדם), er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Namnet Geva Binyamin kjem frå ein stad i Bibelen med same namn, som skal ha lege i dette området.Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.165, ISBN 965-220-186-3 (engelsk) (t.d. Josva 18:24) Han ligg fem kilometer nordvest for Jerusalem og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 3 500.
Landsbyen vart grunnlagd i 1984 av medlemmar av Adam gar'in.
Kubur Bani Yisra’il ligg i utkanten av busetjinga.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Geva Binyamin» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1984 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune