Masua (hebraisk skrift מַשּׂוּאָה, tyder 'Fakkel', arabisk مسواه), òg skrive som Massu'a, er ein moshav shitufi og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen med eit areal på 6 000 mål og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han 153 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1969 som ei Nahal-busetjing og vart omgjort til ein sivil moshav av ein HaOved HaTzioni-gar'in fem år seinare.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Masua» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1969 Kategori:1969 i Vestbreidda