Sebastia er ein palestinsk landsby med over 4 500 innbyggjarar,2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110. i Nablus guvernement på Vestbreidda kring 12 kilometer nordvest for byen Nablus.
Historie og arkeologi Sebastia har fleire viktige arkeologiske stader. Oltidsbyen Samaria-Sebaste ligg like oppom den moderne landsbyen i austsida av ein ås. Ruinane dominerer åssida og kjem frå seks forskjellige kulturar som er datert attende 10 000 år: kanaanittane, israelittane, hellenarane, Det herodiske dynastiet, romarane og austromarane.
Byen vart øydelagd av Aleksander den store i 331 fvt., og vart øydelagd på ny av Johannes Hyrkanos i 108 fvt.Sebaste, Holy Land Atlas Travel and Turisme Agency. Pompeius bygde opp at byen i år 63 fvt. I 27 fvt. gav Augustus Cæsar han til Herodes den store. Herodes utvida og renoverte byen, og gav han namnet «Sebaste», som tyder «Augustus», til ære for keisaren. Herodes den store førte sønene sine Alexander og Aristobulus til Sebaste og kvelte dei i 7 fvt. etter ei rettssak i Berytus etter løyve frå Cæsar.Josefus Flavius Antiquities book 16 chapter 11 para 7
Sebastia var setet til ein biskop i krossfarar-kongedømet Jerusalem. Han er nemnt i dokumenta til Yaqut al-Hamawi (1179–1229), ein syrisk geograf, som plasserte han i Filastin-provinsen i Jerusalem, to dagsreiser frå byen, i Nablus-distriktet. Han skreiv òg «Her ligg gravene til Sakarja og Jahya, sonen til Sakarja (Johannes døyparen), og ein av mange andre profetar og heilage menn.»LeStrange, 1890, s. 522.
I dagens Sebastia ligg hovudmoskéen i landsbyen, Nabi Yahya-moskeen, i ruinane av ei krossfarar-kyrkje ein trur vart bygd over gravene til profetane Elisja, Obediah og Johannes døyparen.Pringle, 1998, s. 283 -290 Her finst òg romerske kongelege graver, og nokre få bygningar frå mellomalderen og mange frå osmansk tid som er godt bevarte.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sebastia, Nablus» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:
(s. 160, 211, 212, 213, 214 (Guerin-description)) (s. 766–7)
(s. 188–96)
(p. 129)
Bakgrunnsstoff Velkomen til Sabastiya
Kategori:Bronsealderstader i Dei palestinske territoria Kategori:Landsbyar på Vestbreidda