Al-Awja (arabisk العوجا), òg kalla Owja, Al-Auja eller Al-Ouja, er ein liten by 13 km sør for Tikrit i Irak ved vestbreidda i Tigris.

Det var fødestaden til den tidlegare irakiske presidenten Saddam Hussein i 1937 og heimstaden til mange provinsleiarar i Irak i tida han regjerte. Hussein vart gravlagd i byen like før soloppgang 31. desember 2006, mindre enn 24 timar etter han vart avretta for brot på menneskerettar i Irak.

Under kampar i det andre slaget ved Tikrit vart grava til Saddam Hussein jamna med jorda av IS. Etter at irakiske styrkar tok kontroll over byen att, sette sjia-militsar opp sine eigne kjennemerke rundt om i byen.http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/islamic-state/11474192/Saddam-Husseins-tomb-destoyed-as-Isil-plants-bombs-in-Iraq.html

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al-Awja» frå , den 28. februar 2021. oppgav desse kjeldene:

Awja