Urraomaurpitta (Grallaria urraoensis eller Grallaria fenwickorum) er ein fugl i maurpittafamilien som første gongen vart skildra i 2010. Han er ein kritisk truga fugleart som finst i underskogen av tåkeskog på eit lite areal i Andesfjella i Antioquia-departementet i Colombia. Skildringa av arten forårsaka betydeleg usemje om vitskapleg namn, og artsnamnet både på engelsk og norsk må reknast som førebelse.
Skildring Dette er ein mellomstor maurpitta, frå 16 til 17 centimeter, fjørdrakta til vaksne fuglar er olivenbrun på hovudet og oversida, mørkare brun på den stutte halen, og undersida er lys grå.
Songen består av tre tonar av aukande lengd og frekvens. Kontaktlætet er ein enkel tone, som stig, fell, og stig igjen, med høgare tonehøgd enn songen.Carantón and Certuche (2010). I feltet vil denne pittaen ofte svare på høge lydar og på avspeling av songopptak.
Åtferd Som andre medlemmer av slekta Grallaria er urraomaurpittaen er ein skjerr, bakkelevande fugl som beitar på insekt, spesielt biller blant nedfallsblad i undervegetasjon. Han flyttar seg høgare, og opp til 1,5 m over bakken for å synge, og er mest aktiv og vokal i timane etter soloppgang og før solnedgang.
Dei opptrer vanlegvis i par, sjeldnare einskildvise, grupper på tre individ har òg vore observerte.
Distribusjon og habitat Arten er berre kjent frå Urrao-kommunen. Det kartlagte leveområdet er 28,5 kvadratkilometer på den søraustlege skråninga av Páramo del Sol-massivet, på nordenden av den vestre fjellkjeda av Anes Colombia. Dette er ca. 55 kilometer vest for Medellín, nest største byen i Colombia. Leveområdet ligg i tåkeskog dominert av eik, Quercus humboldtii, i høgder mellom 2500 og 3300 moh.
Populasjonen er estimert til å ligge på under 400 individ totalt og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som kritisk truga.BirdLife International (2015)
Kjelder
Denne artikkelen bygger dels på «Urrao Antpitta» frå , den 25. september 2015.
Fjeldså, J. & Sharpe, C.J. (2015). Urrao Antpitta (Grallaria fenwickorum) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 22. september 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Grallaria fenwickorum . Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mars 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Maurpittafamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar endemiske for Colombia