Al-Yamun (arabisk اليامون) er ein palestinsk by som ligg ni kilometer vest for Jenin i Jenin guvernement, nord på Vestbreidda.
I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 16 383 innbyggjarar i 2007.
Den 29. oktober 2008 vart ein bonde i byen, Muhammad 'Abahra, drepen av Det israelske forsvaret (IDF). 'Abahra bar på ei hagle, noko som fekk IDF til å tru at han skulle skyte på dei. Sonen til 'Abahra sa derimot at faren vakte over sønene sine frå nokre mistenkte tjuvar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Yamun» frå , den 25. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Palestine remembered
Kategori:Jenin guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda