Jan Birkelund () var ein norsk fotballspelar frå Oslo, som spelte 33 landskampar på midtstopparplass.

Høgreiste Birkelund debuterte på IK Skeid i toppserien i 1968. I 1974 var han med då Skeid vann over Viking i cupfinalen, oslolagets siste store trumf. Sesongane 1977 og 1978 var han Lillestrøm-spelar, der han fekk seg med dobbeltsigeren i 1977 (både serie- og cupgull) og cupmeisterskap i 1978. Cupfinalen 1978 vart elles hans siste kamp, vinteren 1979 oppdaga ein at han hadde ein alvorleg hjartefeil, noko som tvinga han til legge bort fotballskoa.

Birkelund døydde av hjartesvikt, 32 år gammal.

Merittar Noregsmeister: 1974 med Skeid Noregsmeister: 1977 og 1978 med Lillestrøm SK Seriemeister: 1977 med Lillestrøm SK

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Birkelund» frå , den 29. september 2015.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar