Husn-leiren eller Al-Husn-leiren, lokalt kalla Martyr Azmi el-Mufti-leiren, er ein palestinsk flyktningleir i Jordan. Han ligg nær Al Husn, kring 80 km nord for Amman. Han vart grunnlagd i 1968 for å huse 12 500 flyktningar som vart drivne bort frå Vestbreidda og Gazastripa under seksdagarskrigen i 1967. I 2005 husa han 50 573 flyktningar. Leiren har eit kvinnesenter, fire skular, eit helsesenter, eit senter for utlevering av mat og eit rehabiliteringssenter.

I starten bydde flyktningane i telt, men etter kvart som det kom fleire flyktningar til området, vart det sett opp permanente bygningar mellom 1969 og 1971 av SNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Husn Camp» frå , den 5. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Palestinske flyktningleirar i Jordan Kategori:1968 i Jordan Kategori:Busetnader i Irbid guvernement Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968