Deir Alla (arabisk دير علا) er ein liten by i Balqa guvernement i Jordan). Ein trur dette er byen som er omtalt som Pethor i Bibelen.W.H. Shea, «The Inscribed Tablets From Tell Deir `Alla" Andrews universitet Seminary Studies, vol. 27, s. 21-37, 97-119, 1989.
Historie mini|venstre|Grava til den muslimske kommandanten Abu Ubaidah. Byen var ein fristad og eit metallarbeidssenter, med fleire smelteomnar bygd langs utsida av bymurane,Metal slag was found at every level, and often-rebuilt furnaces. (H.J. Franken, «The Excavations at Deir ʿAllā in Jordan" Vetus Testamentum 10.4 [oktober 1960, s. 386-393], p 389). og dei stadige ombyggingane, datert av keramikk frå sein bronsealder frå 1500-talet fvt. til 400-talet fvt., vart akkumulert som ein tell. Deir Alla var den første bronsealderbyen som vart grave ut i Jordan.Franken 1960:386-393.
Dei eldste funna i Deir Alla er datert til sein bronsealder;(1961:371) Franken og vart bygd lag på lag i fleire intervall, slik at bakken heva seg og haugen gradvis vart høgare. Ein har funne spor etter ein kraftig brann, og ei egyptisk krukke dekt av sot hadde ein kartouche med dronning Twosret, slik at brannen er datert til kring 1200 fvt., noko som samsvarar med fleire byar som vart øydelagde i dette hundreåret i Det nære austen.H.J. Franken, «The Excavations at Deir ֝Allā in Jordan: 2nd Season" Vetus Testamentum 11.4 (oktober 1961), s. 361-372. I motsetnad til andre øydelagde byar, vart Deir Alla bygde opp att etter brannen, inn i jernalderen.
Under utgravingar i 1967 vart det funne ein mur med inskripsjonar knytte til det til då ukjende Balaam-profetiet, som dermed vart den første profeten frå Gamletestamentet som vart identifisert i ein inskripsjon.H. J. Franken and Ah J. Franken, Excavations at Tell Deir Alla: the Late Bronze Age Sanctuary, David Brown, 1992, ISBN 90-6831-408-4 The Oxford Handbook of Biblical Studies skildrar dette som «det eldste dømet på ein bok på vestsemittisk skriven med alfabetet, og det eldste stykket litteratur på arameisk.» Deir Alla-inskripsjonen er datert til ,ring 840-760 fvt. og vart måla med blekk på fragment av ein vegg med mørtel.
Ein fann òg 11 leirtvaler, der tre av dei hadde ein ukjend, mogelegeins alfabetisk skrift, sju hadde berre prikkar, og ein var tom.
Den 20. august 2010 registrerte byen eit temperatur på 51,1 °C, som er den offisielle varmerekorden i Jordan
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Deir Alla» frå , den 6. oktober 2015.
Kategori:Busetnader i Balqa guvernement Kategori:Arkeologiske stader i Jordan