Mrajeeb Al Fhood flyktningleir (òg skrive Murijep al Fhoud og Marjeeb Al Fahood) er ein flyktningleir for flyktningar frå den syriske borgarkrigen. Han ligg i Mrajeeb Al Fhood, ei tørr slette kring 20 kilometer aust for Zarqa i Jordan. Han vart opna i april 2013 og finansiert av Dei sameinte arabiske emirata.
Leiren vart bygd for å ta i mot det store inntoget av syriske flyktningar, sidan kapasiteten til Zaatari flyktningleir ikkje var nok. Jordanske styresmakter frykta at talet på syriske flyktningar i Jordan skulle doble seg dei neste seks månadane. I desember 2013 var det 3 697 flyktningar i leiren.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mrajeeb Al Fhood Camp» frå , den 7. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Flyktningleirar i Jordan Kategori:Busetnader i Zarqa guvernement Kategori:syriske flyktningleirar Kategori:Busetnader grunnlagde i 2013 Kategori:2013 i Jordan