mini|Nikolaikyrkja i Leipzig Nikolaikyrkja (tysk Nikolaikirche) er ei av dei best kjende kyrkjene i Leipzig. Kyrkja er frå nyare tid kjent som staden der måndagsdemonstrasjonar byrja i 1989.

Nikolaikyrkja blei grunnlagd i 1165. Etter reformasjonen var kyrkja sete for den første superintendenten (biskopen) i Sachsen.

I 1983 byrja ein halda måndagsbøner (Montagsgebete, Friedensgebete) i kyrkja. Bønene var innført av den lutherske pastoren Christian Führer, som tilhøyrde fredsrørsla i DDR. I 1989 byrja dei med måndagsdemonstrasjonar å be for alle som ønskte seg forandring i DDR. Den 9. oktober 1989 fann den største demonstrasjonen stad med meir enn 70 000 fredelege demonstrantar som ropte «Wir sind das Volk» ('Vi er folket').

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nikolaikirken, Leipzig» frå , den 14. oktober 2015.

Bakgrunnsstoff Kategori:Byggverk i Sachsen Kategori:Kyrkjer i Tyskland Kategori:Leipzig