One of These Nights er det fjerde studioalbumet til Eagles, gjeve ut i 1975. Tittelsongen på albumet vart den andre singelen deira som nådde toppen av singellista Billboard Hot 100 i USA, i juli det året. Albumet inneheldt i alt tre singlar som nådde topp 10, «One of These Nights», «Lyin' Eyes» og «Take It To The Limit», med ein høvesvis første-, andre- og fjerdeplass. Albumet vart òg det første som toppa albumlista i USA for bandet. Det selde fire millionar eksemplar og vart nominert til årets album under Grammyprisen det året. «Lyin' Eyes» vart òg nominert til årets singel. «Take It To The Limit» vart den første singelen til bandet som selde til gullplate.
One of These Nights er det siste Eagles-albumet med gitaristen Bernie Leadon, som seinare vart erstatta av Joe Walsh. Leadon slutta i bandet etter One Of These Nights-turneen. Det sjuande sporet, «Visions», er den einaste Eagles-songen der Don Felder syng solovokal. Albumet vart det kommersielle gjennombrotet til bandet, og gjorde dei til internasjonale superstjerner og eit av dei fremste banda i USA. Bandet drog ut på verdsturné for å marknadsføre albumet. Fleetwood Mac var oppvarmingsband for dei på turneen.
Innhald
Songar
«Journey of the Sorcerer» «Journey of the Sorcerer» var nytta som kjenningsmelodi i radioteaterversjonen av Douglas Adams-romanen The Hitchhiker's Guide to the Galaxy på BBC i 1978 og 1979. Adams sa han ønskte noko som høyrtes ut som sci-fi, men samtidig indikerte ei reise, så denne banjo-baserte instrumentalen vart den ideelle songen i følgje Adams. «Journey of the Sorcerer» vart sidan nytta i ein nyinnspelt versjon for fjernsynsserien som kom i 1981, og igjen, i nok ein nyinnspeling for filmen.
«I Wish You Peace» «I Wish You Peace» vart skriven av Bernie Leadon og den dåverande kjærasten Patti Davis, dotter til den dåverande guvernøren i California, Ronald Reagan.
Medverkande Don Felder - vokal, gitarar, slidegitar Glenn Frey - vokal, gitarar, piano, harmonium Don Henley - vokal, trommer, perkusjon, tabla Bernie Leadon - vokal, gitarar, banjo, mandolin, pedalsteel Randy Meisner - vokal, bassgitar
Andre medverkande David Bromberg - fele på «Journey of the Sorcerer» The Royal Martian Orchestra - Strykarar på «Journey of the Sorcerer» Clara Potter-Sweet - Intergalactic Encyclopedia Researcher på «Journey of the Sorcerer» Albhy Galuten - synthesizer på «Hollywood Waltz» Jim Ed Norman - piano på «Lyin' Eyes» og «Take It to the Limit», orkestrering Konsertmeister: Sid Sharp dirigent: Jim Ed Norman Strykearrangement: Jim Ed Norman og The Eagles
Produksjon Produsent: Bill Szymczyk Lydteknikarar: Allan Blazek, Michael Braunstein, Ed Mashal, Bill Szymczyk, Michael Verdick, Don Wood Kunstnarisk leiar: Gary Burden Design: Gary Burden Fotografi: Norman Seeff and Tom Kelley (cover) Remastering: Ted Jensen
Lister Album ÅrListePlassering1975Pop Album1
Singlar ÅrSingelListePlassering1975«One of These Nights»Billboard Hot 10011975«Lyin' Eyes»Billboard Hot 10021976«Take It to the Limit»Adult Contemporary41976«Take It to the Limit»Billboard Hot 1004
Prisar Grammyprisen ÅrVinnarKategori1975«Lyin' Eyes»Beste popsong av duo eller gruppe med vokal
Grammy-nominasjonar ÅrNominertKategori1975"Lyin' Eyes"Årets singel1975One of These NightsÅrets album
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «One of These Nights» frå , den 16. oktober 2015. oppgav desse kjeldene: Kelley, Kitty. Nancy Reagan: The Unauthorized Biography. Simon & Schuster, New York, 1991. ISBN 0-671-64646-X
Bakgrunnsstoff «One of These Nights" Super Seventies One Of These Nights by The Eagles Songfacts
Kategori:Eagles-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Elektra Records-album Kategori:Asylum Records-album Kategori:Album produserte av Bill Szymczyk Kategori:Nummer-ein-album i USA