«Seven Bridges Road» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Steve Young, spelt inn i 1969 for hans Rock Salt & Nails. Han har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna av Eagles i 1980.
Bakgrunn Steve Young var inspirert til å skrive «Seven Bridges Road» under eit opphald i Montgomery i Alabama tidleg i 1960-åra: i følgje Young «viste nokre vener meg ein veg ut av byen...etter du hadde kryssa sju bruer var du i eit område med ein skogsveg. Skjeggvifteblomar hang i trea og det var gamle gardar med gamle gjerde og gravplassar og kyrkjer og bekkar. Det verka som ein Disney-fantasi. Folk drog dit for å kome seg unna alt. Eg trudde venene mine fann på namnet 'Seven Bridges Road', men eg fann seinare ut at han hadde hatt dette namnet i over hundre år.»
Young skreiv «Seven Bridges Road» i midten av 1960-åra. «Seven Bridges Road» var opphavleg ikkje meint for albumet Rock Salt & Nails, då produsenten Tommy LiPuma ikkje ønskte at han skulle spele originale songar, berre tolke andre viser og countrystandarar.
Young sa: «Ein dag var me tom for songar å spele inn i studio... Eg byrja å spele 'Seven Bridges Road'. LiPuma sa 'Du veit eg ikkje vil høyre originale ting. Men [gitaristen] James Burton sa: 'Hei, denne songen er bra og han er klar, la oss spele han inn... Etter han var innspelt innrømde LiPuma at songen var god, original eller ikkje.» Etter Rock Salt & Nails, spelte Young inn songen to gonger til, i 1972 på albumet Seven Bridges Road og i 1978 på No Place to Fall.
Eagles-versjonen Eagles spelte inn «Seven Bridges Road» for Eagles Live, og etterlikna Iain Matthews-versjonen frå 1973. Bandmedlemmet Don Felder, sa at då Eagles først byrja å spele på stadion, varma gruppa opp til konserten i garderoben me å synge «Seven Bridges Road». Kvar konsert opna med at dei fem medlemmane song «Seven Bridges Road» acapella inn i ein enkel mikrofon. Felder hugsa at det «blåste [publikum] bort. Det var alltid ein samlande augneblink, alle fem stemmene kom saman i harmoni.» Etter albumet Hotel California kom ut erstatta tittelsporet «Seven Bridges Road» som konsertopnaren til Eagles. Songen vart henta inn att i 1980 og gjeven ut på Eagles Live i november 1980. Versjonen vart gjeven ut som singel med «The Long Run» (live) som B-side. Singelen nådde 21. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og vart den siste topp 40-hitten deira fram til «Get Over It» i 1994. «Seven Bridges Road» vart òg den tredje Eagles-singelen som gjekk inn på Billboard C&W-lista med ein 55. plass.
Andre versjonar 1970 - Eddy Arnold på albumet hans Standing Alone 1970 - Joan Baez på albumet hennar One Day at a Time som ein duett med Jeffrey Shurtleff 1970 - Rita Coolidge på albumet hennar Rita Coolidge 1970 - Tracy Nelson/Mother Earth på albumet hennar Bring Me Home 1973 - Ian Matthews på albumet hans Valley Hi 1981 - Neal Hellman på albumet hans Appalachian Dulcimer Duets 1982 - Josh Graves på albumet hans King of the Dobro 1982 - Lonzo and Oscar på albumet deira Old and New Songs 1983 - Atlanta spelte inn «Seven Bridges Road» under innspelinga til Pictures, men han vart berre gjeven ut som B-side til singelen «Sweet Country Music» (#5 C&W 1984) 1990 - The Carter Family på albumet deira Wildwood Flower 1996 - FireHouse på albumet deira Good Acoustics 1998 - Ricochet 2001 - Dolly Parton på albumet hennar Little Sparrow. Parton var ein fan av Eagles-versjonen på grunn av harmoniane. Ho song harmoni med systrene Becky og Sonya Isaacs. 2003 - Jimmy Bowen & Santa Fe på albumet deira A Place So Far Away 2006 - Dolly Parton-samlinga The Acoustic Collection: 1999-2002 inneheld ein miks av Little Sparrow-versjonen med vokal av Kasey Chambers, Norah Jones og Sinéad O'Connor. 2007 - Alan Jackson spelte inn songen for albumet Live at Texas Stadium med George Strait og Jimmy Buffett. 2007 - Nash Street på albumet deira Carry On
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Seven Bridges Road» frå , den 18. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Steve Young-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk Kategori:Eagles-songar Kategori:Ricochet-songar Kategori:Eddy Arnold-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Rita Coolidge-songar Kategori:Iain Matthews-songar Kategori:The Carter Family-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Alan Jackson-songar