«Saturday in the Park» er ein song skriven av Robert Lamm og spelt inn av gruppa Chicago i 1972 for albumet Chicago V.
Bakgrunn «Saturday in the Park» gjorde det særs godt då han kom ut og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, den høgaste plasseringa bandet hadde hatt til då, og dette var med på å løfte albumet opp til toppen av albumlista. Billboard rangerte songen på 76. plassen for heile 1972.Billboard Year-End Hot 100 singles of 1972 Singelen selde til gullplate for 1 million selde eksemplar i USA aleine.
I følgje Chicago-medlemmet Walter Parazaider, vart Lamm inspirert til å skrive songen under innspelinga av V i New York City den 4. juli 1971 (ein sundag):
Linja «singing Italian songs» vert etterfølgd av «Eh Cumpari» og så fleire ord på tulle-italiensk, som i teksten på omslaget berre står som «?». Men i ein film av ein konsert der Chicago spelar «Saturday in the Park» i Arie Crown Theater i Chicago i 1972, er det tydeleg at Robert Lamm syng, «Eh Cumpari, ci vo sunari,» den første linja av songen «Eh, Cumpari!», som vart gjort kjend av Julius La Rosa i 1953.
«Saturday in the Park» har blitt brukt i ein populær reklamefilm i Japan. Songen vert òg spelt ved fleire baseball-stadion i USA når det er kampar på laurdag ettermiddag.
Pianoriffet i opninga vart sampla av Jill Sobule for songen hennar «Cinnamon Park» i 2004 på, Underdog Victorious.
Medverkande Robert Lamm – solovokal, piano Peter Cetera – solovokal (refreng), korvokal, bass Terry Kath – elektrisk gitar, korvokal Lee Loughnane – trompet James Pankow – trombone Walter Parazaider – altsaksofon Danny Seraphine – trommer, congatrommer
Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn denne songen er Det australske bandet The Nissan Cedrics på albumet deira Going for a Song (1997) Det amerikanske acapella-bandet Xtension Chords på albumet deira The Best of X (2003)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Saturday in the Park (song)» frå , den 21. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Chicago-songar Kategori:Songar skrivne av Robert Lamm Kategori:Songar produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar om New York