Johannes Olav Bergersen, meir kjend som Johs. Bergersen, () var ein norsk arbeidar, funksjonær og politikar frå Glemmen i Østfold. Han var stortingsrepresentant 1913-18 og 1922-36.
Han var son til sagfilar Berger Olsen på Frydenberg i Glemmen. Sjølv arbeidde han på høvleri frå 1887 til 1906, då han tok til som agent for ein fråhaldsorganisasjon. I 1911 vart han tilsett som forretningsførar for sjukekassa i Borge krins og tilsynsmann ved riksforsikringa. Frå 1918 var han statsrevisor.
Bergersen var medlem av heradsstyret i Borge frå 1904, varaordførar 1907-10, ordførar 1923-28 og 1932-34. Valbolken 1913-15 representerte han einmannskrinsen Glemminge (Glemmen) på Stortinget, der han hadde sete i Lagtinget og i sosialkomiteen. Attvald til perioden 1916-18.
Ved partisplittinga i Det Norske Arbeidarparti i 1921 fylgde Bergersen den sosialdemokratiske fraksjonen. Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti gjorde eit godt stortingsval i Østfold hausten 1921, og Bergersen kom tilbake på Tinget som representant for partiet. Dei to valperiodane 1922-24 og 1925-27 var han parlamentarisk leiar i NSA. Etter partisamlinga 1927 heldt han frå 1928 fram som stortingsrepresentant for det samla Arbeidarpartiet, heilt til han døydde i 1936. Han var odelstingspresident 1928-30 og 1934-35. Bergersen var mykje interessert i fredssaka og i interparlamentarisk arbeid. Frå 1926 til han døydde ti år seinare var han formann i sosialkomitéen, og spela i så måte ei rolle i utforminga av alderstrygda og andre sosialpolitiske saker.
Bergersen var elles aktiv fagrørsla. Han var styremedlem i Norsk Arbeidsmannsforbund 1908-12 og i Landsorganisasjonen frå 1912.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Store Norske leksikon
Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar frå Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti Kategori:Ordførarar i Borge i Østfold Kategori:Folk frå Fredrikstad